Voss Filmklubb

Logo Voss Filmklubb

Program hausten 2026

NÅR HØSTEN KOMMER

Onsdag 19. august

Denne franske filmen skildrar alderdom, minne, familierelasjonar, skuld og tilgjeving med eleganse og djupn. Han vekslar frå svart komedie til thriller og familiedrama. Ein film som rører, utfordrar og provoserer.

Regi: Francois Ozon2024Frankrike1t 40min.

IT WAS JUST AN ACCIDENT

Onsdag 2. september

Gullpalmevinnar Jafar Panahi er attende med nok ein prisvinnande film om tilhøva i Iran. Me møter nokre som har det til felles at dei har vore fengsla for politisk motstand. No har dei greidd å spora opp ein av vaktarane som torturerte dei. Men kva skal dei gjera med han? Ein hevnthriller krydra med humor.

Regi: Jafar Panahi2025Iran, Fr., Luxemb.1t 44min.

THE BLUE TRAIL/BLÅ SPOR

Onsdag16. September

Ein visuell,slåande og orginal roadtripaktig film om den nære framtida til Brasil. Me fylgjer ei 77 år gamal kvinne sitt opprør langs Amazonaselva. Det handlar om dei eldre si nære framtid, og korleis me som samfunn ser på dei.

Regi: Gabriel Mascara2025Brasil1t 25min.

THE VOICE OF HIND RAJAB

Onsdag 30. september

Dokumentar frå Gaza. Me fylgjer dramaet der Palestinske Røde Halvmåne prøver å redda eit barn frå kampsona og den brutale krigen.

Regi: Kaouther Ben HaniaFrankrike/Tunisia20261t 29min.

SPERMAGEDDON

Onsdag 14. oktober

Ein spinnvillanimert musikal-sexkomedie for vaksne. Filmen fylgjer to liner: eit tenåringspar sin famlande seksuelle debut og sædcellene sin kamp for å nå egget fyrst. Du får 80 elleville minutt med underhaldning.

Regi: Tommy Wirkola og Rasmus A. SivertsenNorge20241t 20min

THE LOVE THAT REMAINS

Onsdag 28. oktober

Eit separert par prøver å fortsetja kvardagen som før med sine 3 born på ein avsidesliggjande stad på Island. Ei skildring av dei komplekse sidene ved kjærleik og separasjon.

Regi: Hlynur Palmason2025Island1t 49min.

FLOPHOUSE AMERICA

Onsdag 11. november

Ein prisvinnande og ærleg dokumentar frå skuggesida i USA. 12 år gamle

Michael er fødd og oppvaksen på hotellrommet han deler med dei rusavhengige foreldra sine. Han ynskjer dei skal slutte å drikke. Men kva skal til for at nokon verkeleg skal endre seg?

Regi: Monica Strømdahl2025Norge, Nederl., USA1t 20min.

LIVET PÅ LANDET

Onsdag 25. november

Ein gripande film som handlar om dei store samfunnsendringane på tidleg 90-tal i Kina. Regissør Huo Meng skildrar dette gjennom blikket til 10 år gamle Chuang. Ein visuell og vakker film som vil sitja i kroppen lenge.

Regi: Huo Meng2025Kina2t 12min.

FOR EN NEVE DOLLAR

Onsdag 9. desember

Sergio Leone sin fyrste spagetti-western, med Clint Eastwood i den ikoniske hovudrolla. Musikken av Ennio Morricone har sett djupe spor i filmhistoria. Ein klassikar!

Regi: Sergio Leone1964Italia, Spania, USA1t 39 min.