Magien er attende! Voss Kino er open!
Endeleg kan Voss Kino ønskje velkomen til filmopplevingar på kino – fra laurdag 9. mai!
Dei nye retningslinjene er:
- Maks 50 personar på kvar framsyning, men nokre framsyningar må vi ha færre enn dette pga setekapasiteten.
- Alle må kjøpe billett på førehand, på nettsida vår.
- Alle bruker handsprit, som er tilgjengeleg ved inngangen.
- Begrensa antal publikum i kiosken til einkvar tid og med minimum 1 meter mellom kvar
- Alle held avstand og ventar til kinopersonale har gitt beskjed om plasseringen i kinosalen
- Du kan dessverre ikkje komme dersom du er sjuk eller i karantene.
Vi på Voss Kino har gått gjennom alle rutiner for smittevern, og vil gjere alt for at de får eit trygt kinobesøk.