Gå til hovedinnhold

Om kinoen


Voss Kino held til i Voss Kulturhus, vis a vis jernbanen. Voss kino har topp moderne og nye heil-digitale salar med 460 sete totalt (271/94/79).

Både lyd og bilete er digitalt, og alle tre salane er med Dolby 3D. Med andre ord: tre moderne salar med høg komfort og alt det som publikum krev av moderne lyd og bilete. Alle salane har bratt amfi slik at det er god sikt på alle plassar. Stolane har god komfort og i dei to minste salane har justerbar rygg. Dei to minste salane har òg nokre doble seter, populært kalla "love-seats".

Med digitaliseringa har Voss Kino no også fått mulegheit til å vise framsyningar fra verdas mest anerkjente operahus, både direkte og streaming. Fleire profesjonelle begivenheiter, til dømes teaterframsyningar og sportsarrangement kan no visast via Voss kino.

Billetten kan skrivast ut heime.

Du kan og kjøpe billettar i automaten som står i kulturhuset heile dagen.

Tredje alternativ er å kjøpe billettar i kinokiosken, den åpnar 1/2 time før første film byrjar for kvelden og stenger når siste film har byrja.

Gavekort kan du óg kjøpe på nett og skrive ut sjølv, mange fine motiv: http://www.kinogaven.no

Kontaktinformasjon:

E-post: kino@voss.kommune.no

Tlf. nr. billettkontor (kveldstid i kinotida) 56 51 94 80

Tlf. nr. kontor dagtid man.-fre.: 56 51 94 90

Tilsette:

Ann Karin: kinofagleg konsulent

Anette: kinokiosk ansvarleg

Geir Andrè: kinoteknikar

Simon: kinoteknikar

Aleksander: kinokiosk-medarbeidar

Nils Knappskog; kinokiosk-medarbeidar

Kine Røssland: kinokiosk-medarbeidar

Thor Christian: kinokiosk-medarbeidar (vikar)